mandag 17. desember 2007

Drops of Jupiter.

Det blir sagt at det som regel kjem til å årne sæ. Og det gjorde det jammen i år også! Eg har klart å snuble meg gjennom fire kjipe avgangsprøver, og har endeleg juleferie. Det følest jævlig bra. Nå skal eg heim til den tøffaste bygda i verda, sjå film kvar einaste dag, ete god mat og vere ilag med gode venner. Og så skal eg på julekonsert! Eg trur i det heile at dette blir ei utruleg bra jul, og eg skal nyte feiren med godt samvit. Gruer meg litt til skolestart, i og med at eg slår til med heile fem fag, i tillegg til at det framleis blir fullt køyr med NMU, linjeforeninga og BI-revyen. Men alt kjem til å bli dritbra, så det er eigentleg bare brillefint.

Er dette eit innlegg som kan kvalifisere til kategorien feel-good? Eller føl-godt, som det kanskje heiter på norsk?

God førjulstid!

2 kommentarer:

Unknown sa...

God stemning!!! Eldhug i heimen! :D Heheh.

Godt å få det ferdig, ja. No må eg berre få vinterlægerprogrammet i boks, so er alt fryd og gaman. :-)

Klaus sa...

hurra! triveleg å vere tilbake i stavanger? eg trur vinterleiren kjem til å bli jævlig bra, og gudbrandsdalen er jo genialt. eg trur eg må finne meg ei som snakkar døl ;-)