torsdag 30. august 2007

Ketchup på skjorta, sennep i rævva.

Sia sist har eg blitt ein osloensar. Korleis det følest? Jo, det følest rett bra, i grunn.

Etter to veker med grøftefyll så godt som kvar dag har eg også utvida musikkhorisonten min litt, men eg er ikkje heilt sikker på om det er for det betre, når eg tar meg sjølv i å laste ned Luxus Leverpostei og Drillos... Det er jo god stemning, men eg trur eg skal satse på ørepluggar når eg hører på det heime.