mandag 19. november 2007

Swushi.

Eg har kjøpt meg sushi. Swuuuushi. Frå La Meo på Grønland, der serverer dei kjempegod sushi! Før eg dro heim prøvde eg å få skrivi litt frå meg på Skrivarstova, men stakk ganske kjapt, i frykt for å bli låst inne. I mårra har eg også lyst på sushi, merker eg. Merkeleg, det der.

fredag 16. november 2007

Det er den låta du spiller før du drar ut idet du stopper i et speil og sjekker om du ser bra ut.

Det blei bare seks øl og ingen bytur i dag. Kanskje litt greitt, sia eg skal skrive oppgåve om merkevarestrategiar i mårra klokka 09.00? Eg vel å tru det, og sit her og er ganske så go'trøtt. Da er det så ålreit å bare slække heilt og loke foran PC-en eller fjernsynet. Og så kjem eg på at det er så mye rart eg må ta stilling til i den nærmaste framtida.

1. Marknadsføring eller ikkje marknadsføring?
Eg har tenkt litt på å bytte over til anten varehandel eller kommunikasjonsleiing. Det var jo sistnemnte eg eigentleg søkte på da eg skulle begynne på BI, og eg kom inn. Men så bytta eg til marknadsføring sia det er ei utdanning som kan brukast til alt muleg. Og varehandel er litt pga. at eg har planar om å vere Esso-hore på fulltid når eg ein vakker dag er ferdig med utdanninga. Men det blir vel til at eg forblir marknadsføringsstudent, trur eg.

2. Utveksling eller ikkje utveksling?
I februar går søknadsfrista for utveksling ut. Eg har eigentleg dritlyst til å dra til utlandet for eitt semester, men det er så vanskeleg å bestemme seg. Og så kjem eg sikkert til å angre dersom eg ikkje drar ut - alle som har reist ut kjem tilbake med den oppfatninga av at det er det beste valet dei har tatt noen sinne. I tillegg er tysk deilig.

3. NMU eller ikkje NMU?
Altså, eg skal ikkje melde meg ut. Ikkje i det heile tatt. Men eg har ikkje tatt stilling til om eg skal vere aktiv i den neste perioden. Ikkje at eg er så jævlig aktiv som eg burde nå at det gjer noe, men det er jo bare fordi eg er dum og slave av skolen. Eg har vel i grunn sagt at SST neste år ikkje er greia for meg, men eitt eller anna har eg lyst til å gjere. Eg har blitt glad i den rare Skrivarstova, men eg føler ikkje eg passar så godt inn i sentralstyret. Dei treng nok folk som er litt flinkare enn meg. Men det er nå så!

4. Jobbe i sommarferien eller ikkje jobbe i sommarferien?
Vi driv og snakkar litt om å vere med på eit sånt x-plore-program der ein reiser til ein eller annan fin stad utlandet og jobbar med saker som er verdt å jobbe for. I bytte får ein veldig, veldig rimeleg kost og losji, og erfaringar for resten av livet. Eg har jævlig lyst, men eg vil ikkje dra aleine. Det kjem litt an på om dei eg har snakka om det vil vere med.

5. Å sove, eller å ikkje sove?
God natt.

onsdag 14. november 2007

I tried to be chill, but you're so hot that I melted.

Eg har fått ei lei uvane - eg et for mye fisk. F leire ganger i veka slit eg at med at eg har kjøpt med meg fisk heim igjen. Noe som i og for seg kan hørast heilt usakleg ut, sia fisk er bra og sånn, men ikkje i den formen eg liker den: heilt rå.

Sushi er fantastisk. Det smakar godt, du kan få eit variert måltid med ti ulike fiskesortar kvar gang du et - og ikkje minst: det er rett sunt også. I tillegg kan du få ei unnskyldning for å lære deg å ete med pinnar, og det er jo ein grunn i seg sjølv, bare det... Det einaste som er negativt med sushi er at det er ganske dyrt, så når ein kjøper sushi opp til fire gangar i veka kan det fort merkast på saldoen. MEN DET ER SÅ GODT!

I dag var vi for eksempel på ei sushisjappe på Grønland som vi ikkje hadde testa før. Dei hadde allslags sjuke saker: fjellørret, sverdfisk og abbor. Sjølvsagt måtte vi prøve alle saman (det er så praktisk å bu med to andre sushifrelste sjeler), og for å seie det sånn: vi skal nok tilbake i morgon.

Korfor kan eg ikkje få sushi på resept?

(Er du også glad i sushi? Eg er keen på DI meining om kva som er den beste biten. Bare fordi eg elskar å snakke om sushi.)

Og med tennene blotta som til eit smil nærmar det seg.

Eg er skeptisk til bedriftsøkonomi, eg kan ikkje noe for det. Sia august har eg pusla litt med det på skolen, og eg skjønner stort sett lite av det som står i boka og blir proklamert frå forelesarstolen. Dermed kan det jo bli litt av eit scenario på eksamen, dersom den faktisk viser seg å ha oppgåver relatert til bedriftsøkonomi, for det kan eg jo ikkje. Kan dei ikkje heller stille spørsmål om grammatikk og religionshistorie? Og kor upassande er det ikkje at dei to nemnte emna i førre semester gav meg meir grå hår enn ei bøtte maling noen gang kunne gjort? Det er merkeleg, seier eg, og eg stiller meg jævlig skeptisk til det.

Med andre ord er ikkje skolefaga denne hausten akkurat dei beste, og sånn er det eigentleg berre. Det er lite eg kan gjere med det, bortsett frå å jobbe som eit olja lyn når innspurten nærmar seg, for nå har eg jo ikkje noe lyst. Akkurat som at eg ikkje har noe lyst til å skrive meir om eksamen og skole. Og ja, eg innser at eg kunne hoppa og driti i det, men det er bloggen MIN. For å sitere Miss Swan: I'm drunk with power!