søndag 10. februar 2008

kanskje vi kan dra tilbake?

to be continued

på livejournal.com/users/klauskr

som forresten er sperra for folk som ikkje står oppført på vennelista mi

tirsdag 25. desember 2007

The sound of white.

Det blei ikkje kvit jul i Råde i år heller, og det er eigentleg litt kjipt. Det har vori kvitt og fint den siste veka, men det måtte ein eller annan sjølvsagt endre på på juleftan. Likevel har det vori ein utruleg bra dag, tilliks med gårsdagen, da eg hadde bursdag. Har fått mye fint både i går og i dag, og det er så feitt når småungane til fetter+kona og kusine+sambuar er med på lasset. Er ikkje dårleg å vere 14 personar på juleftan! I tillegg var gudstenesa i dag heilt utruleg bra og inspirerande, men det var litt dårleg oppmøte. Får skylde på at eg var på tidleggudstenesta, dei fleste plar jo dra på den på ettermiddagen.

God romhelg, folkens!

mandag 17. desember 2007

Just another brick in the wall.

X invited you to join the Facebook group "Nei til nynorsk!!".To see more details and confirm this group invitation, follow the link below:
http://www.facebook.com/n/?group.php&gid=6126779220.

Thanks,
The Facebook Team



Den invitasjonen var slitsam på ein litt irriterande måte. Takk, men neitakk!

Drops of Jupiter.

Det blir sagt at det som regel kjem til å årne sæ. Og det gjorde det jammen i år også! Eg har klart å snuble meg gjennom fire kjipe avgangsprøver, og har endeleg juleferie. Det følest jævlig bra. Nå skal eg heim til den tøffaste bygda i verda, sjå film kvar einaste dag, ete god mat og vere ilag med gode venner. Og så skal eg på julekonsert! Eg trur i det heile at dette blir ei utruleg bra jul, og eg skal nyte feiren med godt samvit. Gruer meg litt til skolestart, i og med at eg slår til med heile fem fag, i tillegg til at det framleis blir fullt køyr med NMU, linjeforeninga og BI-revyen. Men alt kjem til å bli dritbra, så det er eigentleg bare brillefint.

Er dette eit innlegg som kan kvalifisere til kategorien feel-good? Eller føl-godt, som det kanskje heiter på norsk?

God førjulstid!

onsdag 5. desember 2007

Flames to dust, lovers to friends, why do all good things come to an end?

Ja, eg lurer. Eg har eksamen i mårra, etter eit halvt år som har vori over all forventning. Den søte kløa BLIR imidlertid etterfulgt av den sure svia - og som den svir! Mårradagens eksamen går på marknadsføring, der vi blir spurt om pensum (sjølvsagt). Men her er saka: de som lagar oppgåvene finn gjerne på å be oss liste opp ymse punkt frå det og det kapitlet, og dei er jævlig spesifikke. Noe som til slutt betyr at eg mest bør kunne boka på rams. Det gidd eg ikkje! Det er heilt upassande å tvinge folk til å lære alle modellane og figurane i ein bibel på 700 sider. Kan ikkje prøva i mårra handle om funfacts frå Venner for livet? Eg bare spør.