Eg har fått ei lei uvane - eg et for mye fisk. F leire ganger i veka slit eg at med at eg har kjøpt med meg fisk heim igjen. Noe som i og for seg kan hørast heilt usakleg ut, sia fisk er bra og sånn, men ikkje i den formen eg liker den: heilt rå.
Sushi er fantastisk. Det smakar godt, du kan få eit variert måltid med ti ulike fiskesortar kvar gang du et - og ikkje minst: det er rett sunt også. I tillegg kan du få ei unnskyldning for å lære deg å ete med pinnar, og det er jo ein grunn i seg sjølv, bare det... Det einaste som er negativt med sushi er at det er ganske dyrt, så når ein kjøper sushi opp til fire gangar i veka kan det fort merkast på saldoen. MEN DET ER SÅ GODT!
I dag var vi for eksempel på ei sushisjappe på Grønland som vi ikkje hadde testa før. Dei hadde allslags sjuke saker: fjellørret, sverdfisk og abbor. Sjølvsagt måtte vi prøve alle saman (det er så praktisk å bu med to andre sushifrelste sjeler), og for å seie det sånn: vi skal nok tilbake i morgon.
Korfor kan eg ikkje få sushi på resept?
(Er du også glad i sushi? Eg er keen på DI meining om kva som er den beste biten. Bare fordi eg elskar å snakke om sushi.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg må få vera med deg og smaka; eg hev ynskja å eta sushi sidan eg var 12 år og var småforelska i utvekslingsstudenten eg fekk frå Finland som sette eit andlet på sushi-eting. Eg hadde liksom ikkje tenkt at det var noko me i Noreg kunna gjera fyrr. So det er verd ein ekskursjon!! :D
Hepp, jepp! Det ligg jo ei knallbra sushisjappe like attleies skrivarstova, så eg tenker at turen går dit ein gang etter eit møte...eventuelt før :D Haha...
Misliker fisk, derfor misliker jeg sushi...
Legg inn en kommentar