Eg er skeptisk til bedriftsøkonomi, eg kan ikkje noe for det. Sia august har eg pusla litt med det på skolen, og eg skjønner stort sett lite av det som står i boka og blir proklamert frå forelesarstolen. Dermed kan det jo bli litt av eit scenario på eksamen, dersom den faktisk viser seg å ha oppgåver relatert til bedriftsøkonomi, for det kan eg jo ikkje. Kan dei ikkje heller stille spørsmål om grammatikk og religionshistorie? Og kor upassande er det ikkje at dei to nemnte emna i førre semester gav meg meir grå hår enn ei bøtte maling noen gang kunne gjort? Det er merkeleg, seier eg, og eg stiller meg jævlig skeptisk til det.
Med andre ord er ikkje skolefaga denne hausten akkurat dei beste, og sånn er det eigentleg berre. Det er lite eg kan gjere med det, bortsett frå å jobbe som eit olja lyn når innspurten nærmar seg, for nå har eg jo ikkje noe lyst. Akkurat som at eg ikkje har noe lyst til å skrive meir om eksamen og skole. Og ja, eg innser at eg kunne hoppa og driti i det, men det er bloggen MIN. For å sitere Miss Swan: I'm drunk with power!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Sånn at du i det heile postar noko som helst på bloggen din, er jo i og for seg fantastisk Klaus.
Fortsett med det:P
Yea, Klaus har oppdatert bloggen sin!!! Men er det en nye adresse?
ang innlegget: Du har vel ikke sånn tilfeldigvis valgt feil studie?? Ser liksom ikke for meg deg som en sliten økonom på et gammelt kontor i bakgården på Youngstorget. Du er mer en sånn velskrevet og veltalende gutt med alt for mye på hjertet. VI liker sånne!!
Yey! Gratla med oppdatering Klaus. Eg er skikkeleg glad for at eg ikkje valde å ganga nordisk og heller valde informatikk. Eg elskar informatikk - og eg veit eg hadde slite som berre det um eg hadde teke nordisk. :-)
Hugs møtet vårt i dag 1600! :-)
Legg inn en kommentar